Hansen & Eknes
Ribbecup 2019

27. - 28. desember

Den årvisse «Ribbecupen» står igjen for døra. Turneringa har til no vore ein stor suksess, og vert sett påsom eit framifrå høve til å trimma av seg litt juleflesk. I tillegg gir det moglegheit til venskapeleg tevling mellom festmåltida i romjula. Eit skikkelig humørarrangement!

Skund deg og meld på ditt lag i anten
• Mosjons-/Bedriftsklassen (27. des)* - 1000,-
• Dameklassen (27. des)** - 1000,-
• Aktiv klasse (28. des) - 1000,-

Betaling av påmeldingsavgift skjer i sekretæriatet før laget sin første kamp. Kontant eller Vipps.

*)Mosjons-/Bedriftsklasse er EIN klasse. Det er ikkje ein mosjons- og ein bedriftsklasse.
**) Dersom det ikkje kjem nok påmelde lag, vert damelag flytta til Mosjon/Bedrift

Påmelding innan 15. desember

Reglar

Sjølv om Ribbecupen er eit utprega "trivselsarrangement" er det ofte slik at konkurranseinstinktet tar over når dommaren bles i fløyta. Eit sett reglar kan difor vere greit å ha.

1. Lag og spelarar

  • 1.1. Deltakarar må vere eldre enn 15 år, eller fylle 15 år i løpet av 2021
  • 1.2. Laga kan i løpet av turneringa bruke maks 8 spelarar. Alle spelarar skal vera meldt til arrangør innan turneringa startar.
  • 1.3. Lag i mosjonsklassen kan ikkje nytte aktive spelarar. Spelarar som har spelt organisert fotball i løpet 2021 vert rekna som aktive.
    Dette gjeld ikkje dameklassen. Innføring av Dameklasse medfører at ein ikkje lenger MÅ ha ei kvinne på bana i mosjonsklassen, men det er sjølvsagt tillatt.
    DISPENSASJONAR VERT IKKJE GITT!
  • 1.4. Ein spelar kan ikkje delta på meir enn eitt (1) lag i løpet av turneringa - uavhengig av klasse.
  • 1.5. Det skal nyttast leggskinn
  • 1.6. Det skal nyttast sko som ikkje set merker i underlaget, eller på anna måte skader dette

2. Kampreglar

  • 2.1. Kampane vert spelt 1x13 minutt. Finalar vert spelt 2 x 10 minuttar
  • 2.2. Startoppstilling består av 1 keeper og 4 utespelarar
  • 2.3. Det skal vera 5 spelarar frå kvart lag på bana før kampen vert sett i gong
  • 2.4. Dersom eit lag berre har ein spelarar att på bana kan kampen stoppast – resultat blir sett til det stillinga var då kampen vart stoppa.
  • 2.5. Dersom det grunna utvisningar skulle verta mindre enn 2 spelarar frå eit lag på bana, kan soninga til siste utviste spelar utsetjast til ny spelar kan setjast inn.
  • 2.6. Det vert tatt innspark i staden for innkast dersom ballen går ut over sidelinjene.
  • 2.7. Dersom ballen treff taket, skal motstandarlaget ha frispark frå midtlinja.
  • 2.8. Treff ballen taket utanfor spelebana, skal det vera innspark eller utkast frå keeper.
  • 2.9. Motstandar skal stå minst 4 m frå ballen ved avspark, innspark, frispark, hjørnespark (og straffar. )
  • 2.10. Glidetaklingar er ikkje lov, og vil bli straffa med gult kort. 

  • 2.11. Alle frispark er indirekte

  • 2.12. Straffespark skal takast frå 9 meters-merket

  • 2.13. Keeper kan halda ballen i maks. 4 sekund. 

  • 2.14. Keeper kan ikkje ta opp ballen ved tilbakespel frå eigen spelar. 

  • 2.15. Keeper kan berre ta ballen med hendene inne i straffefeltet (6 meter).Ballen skal kastast ut når den har vore over mållinja, og må røra golvet eller spelar før den går over midtlinja. (Keeper kan òg setja i gang spelet med utspark langs bakken.) 

  • 2.16. Ved uavgjorte kampar i sluttspelet skal kampen avgjerast på straffespark. Kvart lag tar 3 straffar kvar. Dersom avgjerd framleis ikkje føreligg, skal det takast ein og ein straffe til kampen er avgjort.

3. Utvisningar

  • 3.1. Gult kort gir utvisning for resten av kampen. Ny spelar kan setjast inn med ein gong.
  • 3.2. Raudt kort gir utvisning for resten av kampen. Ny spelar kan setjast inn etter 3 minutt
  • 3.3. To raude kort gir utestenging for resten av turneringa